FiksHTML gjer at fleire flytande element (infoboksar, bilete osv) etter kvarandre ikkje uroar teksten i artikkelen, som t.d. store mellomrom i teksten i enkelte nettlesarar eller at endre-lenkjene ved kvar overskrift samlar seg saman ved det siste elementet.

Ein nyttar malen ved å skrive {{FiksHTML|start}} før det øvste bilete eller infoboksen, {{FiksHTML|midt}} mellom kvart element, og til slutt {{FiksHTML|slutt}}

Ein kan i tillegg nytte {{FiksHTML|start|venstre=1}} eller {{FiksHTML|start|flyt=left}} for å plassere elementa til venstre.