Denne malen blir brukt når ein omset frå ei Wikipedia-utgåve til ei anna. Han kan setjast inn ved hjelp av hjelpeboksen ein får opp nedst på sida når ein endrar ein artikkel. Trykker du på til dømes {{liminn:omsett|nb}}, blir ei enkel utgåve av malen «limt inn» på sida.

Kvar bruk av malen har plass til opptil to artiklar frå eitt eller to språk og kjeldene dei bruker. Du kan endra tittel og dato, men om desse er like (datoen du legg inn i malen, tittelen på artikkelen du skriv), treng du ikkje gjera noko ekstra.

Bruk av malen endre

Du sett inn malen ved å lima eller skriva inn ein tekst som denne, med språkkode og artikkelnamn (om det er forskjellig frå artikkelen du skriv på) fylt ut. NB: Utan «liminn» verkar ikkje denne malen i det heile teke!

Enkelt døme endre

{{LIMINN:omsett|en|tittel=Wikipedia}}

Dette gjev:

Omsetjing av to artiklar endre

Dersom du har brukt meir enn éin artikkel som kjelde, kan du skriva:

{{LIMINN:omsett|språkkode|tittel=Artikkelnamnet på opphavleg Wikipedia|språk2=språkkode|tittel2=Annan artikkeltittel}}

Du kan også oppgje to artiklar frå same språk: {{LIMINN:omsett|språkkode|tittel=Artikkelnamnet på opphavleg Wikipedia|tittel2=Annan artikkeltittel}}

Oppgje opphavlege kjelder endre

Om artikkelen du omset, har kjelder du ønskjer å ta med, kan du skriva |kjelder= inn i malen. Kvar kjelde må ha tre asteriskar framfor slik at ho kjem inn som eit underpunkt for omsetjingspunktet. Bruk kjelder2= for kjelder til den andre artikkelen.

Dato endre

Datoen du legg inn i malen, blir automatisk lagt inn. Ønskjer du ein annan dato, skriv dato= og den du ønskjer.

Døme:

{{LIMINN:omsett|nb|tittel=Wikipedia|dato=4. januar 2008|kjelder=Store Norske Leksikon}}

Dette gjev

Delvis omsetjing endre

Dersom artikkelen er delvis omsett frå kjelden(e) du oppgjev, kan du skriva "delvis=ja" inne i malen, og teksten vil reflektera dette.

{{LIMINN:omsett|fr|tittel=Tintin|delvis=ja}}.

Dette gjev:

Malteksten endre

Advarsel Åtvaring! Denne malen gjer bruk av svært kompliserte parametrar. Du bør ikkje redigere han med mindre du veit akkurat kva du gjer, og er førebudd på å rette opp att eventuell skade. Han skal derimot ikkje vere vanskeleg å bruke.