Maldiskusjon:Infoboks militærkonflikt

Siste kommentar: for 15 år sidan av Frokor

Merknadar, står det, og det irriterer meg. Men eg kan vel ikkje endre a-en til ein e utan å lage trøbbel? -Knut 21. oktober 2008 kl. 17:54 (CEST)Svar

Merknadar er ei klammeform, men det går sikker greit å endre det. Eg trur ikkje det er mange av artiklane med denne malen som nyttar akkurat denne parameteren. I så fall så må dei endrast om informasjon skal visast i boksen, men det trur eg er ein overkommeleg jobb. --Frokor 21. oktober 2008 kl. 18:13 (CEST)Svar
Kanskje ikkje den viktigaste jobben, han kan vel liggje til vi er ferdige med å blåfarge raudlenkjer. Men kva for ordliste har «merknadar» som klammeform? Ikkje denne? -Knut 21. oktober 2008 kl. 18:29 (CEST)Svar
Jo han har nok det --Frokor 21. oktober 2008 kl. 18:43 (CEST)Svar
Der har du eit godt argument, Frokor, men eg trur det er ein feil der. Klammeformer visest vanlegvis i klammar, som her. Men så lenge du har ordboka med på laget, skal eg strekkje våpen. - Knut 21. oktober 2008 kl. 19:27 (CEST)Svar
Det er ikkje alltid at alle bøyingane er med; då står det at det er ein klammeform etter tilslagsordet (heilt til høgre). Eg har forresten laga eit eige skript (malfiks.py) til akkurat dette føremålet, og som det ikkje tek lange tida å køyra gjennom, dersom ein skulle ønskja det. --Harald Khan Ճ 21. oktober 2008 kl. 19:52 (CEST)Svar
Heilt greit for meg og endre parameteren. Eg trur ikkje det er mange av infoboksane som nyttar paramteren enno likevel, om nokon i det heile. --Frokor 21. oktober 2008 kl. 20:20 (CEST)Svar
Tilbake til siden «Infoboks militærkonflikt».