Maldiskusjon:Visste du at

Siste kommentar: for 10 år sidan av Frokor i emnet Larsen B-isen

Eg synest ikkje me skal blanda fakta og wikipediastoff. 50.000-passeringa ligg allereie inne på Mal:Wikipedia-nytt som ein kan sjå på brukarportalen. -- Ranveig 15. februar 2006 kl. 10:50 (UTC)

Einig. --KRISTAGAα-ω 15. februar 2006 kl. 11:10 (UTC)
Ah! Takk, Ranveig! Den notisen på brukarportalen hadde gått meg hus forbi. Dét er nok ein mykje riktigare plass for slikt, ja – min feil! So lenge vi har gratulert på ein relativt synleg stad, er det i orden for meg at det ikkje visest på framsida.
--Verdlanco\ordskifte 15. februar 2006 kl. 11:20 (UTC)

Er dette plassen for nyhende? Er det ikkje meir pussige/artige fakta frå nye artiklar som ska inn her? --Ekko 11:30, 26 mars 2007 (CEST)

Eg synest ikkje dette er plassen for nyhende. «Alle» veit at Høiby er død og at det nett har vore VM på ski i Sapporo. Når det kjem under overskrifta «Visste du at» tykkjer eg det er uheldig. Dette må me vente at folk som les framsida her veit. Plassen skal brukast til slikt som folk flest ikkje veit, gjerne pussige og overraskande saker, som kan få dei til å klikke seg vidare til ein artikkel som dei elles neppe hadde søkt seg til. --Jorunn 11:49, 26 mars 2007 (CEST)
Akkurat. Eg har rulla tilbake artikkelen til siste versjon utan Høiby. --KRISTAGAα-ω 22:21, 2 april 2007 (CEST)

I tråd med dette tok eg vekk Lommemannen. --Ekko 14:46, 23 januar 2008 (CET)

Ja, beklager --Administrator Cato 14:47, 23 januar 2008 (CET).

Bilete endre

Eg opplever stadig at skrift kjem borti bildet som ligg i "Visste du at"-bolken om eit ord er for langt, eller at
setningane
blir veldig
oppstykka
på grunn av det. Når me i tillegg har ei framside som er rik på fargar og bilde, synest eg ikkje me treng eit her. Det kan i staden brukast når den nye artikkelen blir vald ut som vekas artikkel. --Ranveig 18. september 2008 kl. 15:25 (CEST)Svar

Samd. Framsida har jo alt 2 bilete for vekas artikkel og vekas skandinaviske. For mange bilete vil ta merksemd frå teksta. Eg tykkjer også at det er heilt greitt å kaste ut obama artikkelen. Ikkje er den ny, og unnateke at det vart den fyrste afroamerikanske, er det ikkje noko spesielt med å verte president. Nyhende kan ein lese andre staderAnders 6. november 2008 kl. 13:23 (CET)Svar

Verna endre

Korfor er denne sida verna? Då kan jo ikkje me som ikkje er administratorar legga inn fakta her. Martin NH 20. desember 2008 kl. 10:46 (CET)Svar

Denne sida vart verna då det vart satt på djupvern på hovudsida for å hindre meir hærverk på malane som vert nytta der. Det du kan gjera er å spørje ein administrator om å leggje det inn for deg. Anders 20. desember 2008 kl. 12:08 (CET)Svar

Larsen B-isen endre

Det har sneke seg inn ein bergensisme i teksten om Larsen B-isen. Det heiter å ha lege, ikkje å ha lagt her (og eg kan ikkje endre det). --46.15.207.115 4. januar 2014 kl. 11:57 (CET)Svar

Takk, har endra det no. --Frokor (diskusjon) 4. januar 2014 kl. 13:15 (CET)Svar
Tilbake til siden «Visste du at».