Opna hovudmenyen

Malene

kvinnenamn
(Omdirigert frå Malena)
Malena Muyala er ein uruguayansk tangosongar og -komponist.

Malene er eit kvinnenamn som er ei dansk kortform av Magdalene. Namnet finst også i fleire romanske språk som Malena. Malene har norsk namnedag den 22. juli medan Malena har svensk namnedag den 10. desember.

TydingEndra

Jentenamnet er ei dansk kortform av Magdalene, eit gresk namn som tyder 'frå Magdala'. Magdala er ein by som ligg ved Genesaretsjøen. Namnet er kjend frå Bibelen gjennom Maria Magdalena.

BrukEndra

Namnet var noko brukt i Noreg ved slutten av 1800-talet. Bruken voks plutseleg ved midten av 1980-talet, då 0,30 % av jentebarn fekk namnet. Sidan 2000 har bruken gått litt nedover.

I 2008 var det 2224 norske kvinner som heitte Malene og 231 som heitte Malena.

Nærskylde namnEndra

Andre nordiske kortformer av Magdalene er Magda, Malin og Lena. Marlene er eit likande og nærskyld namn av tysk opphav.

Kjende namneberararEndra

KjelderEndra