Malubiting er eit 7 458 meter over havet høgt fjell i Karakoram i det nordlege Pakistan. Fjelltoppen ligg sentralt i Rakaposhi-Haramosh-fjella, om lag 40 km aust-søraust for Rakaposhi, den høgste toppen i fjellområdet. Fjellmassivet Malubiting består omframt hovudtoppen av tre lågare, alle knapt 7 000 moh. høge, toppar.

Malubiting
fjell
Malubiting, med hovudtoppen merka W
Land  Pakistan
Kart
Malubiting
36°02′20″N 74°54′03″E / 36.038888888889°N 74.900833333333°E / 36.038888888889; 74.900833333333
Wikimedia Commons: Malubiting

Fire mann frå ein austerriksk klatreekspedisjon vart den 23. august 1971 dei fyrste til å nå toppen av Malubiting.

Kjelder

endre