Mandelstein
Mandelstein eller amygdaloid er lava med rundaktige holrom etter gassblærer. Vatn som siv igjennom bergarten kan avsetje ulike mineral som kalsitt, kvarts, kalsedon eller zeolittar i holromma. Slike gassblærer finst særleg på oversida, men delvis òg på undersida av ein lavastraum.
Kjelder
endre- Mandelstein. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/mandelstein.