Underkjeve

(Omdirigert frå Mandibel)

Underkjeven eller mandibelen (lat. mandibula «kjevebein») er den største, sterkaste og lågaste knokkelen i andletet i hovudskallen. Den formar det nedre kjevepartiet og held tennene på plass. Langs den fremre midtlinja ligg kjevesymfysen, der knoklane har smelta saman frå høgre og venstre apofyse under kjeveutviklinga. Denne artikulasjonen er kopla saman av fiberbrusk, likt med andre symfysar i kroppen, men artikulasjonen smeltar saman i tidleg barndom.

Underkjeven er merka i rosa/lilla. Kjevesymfysen ligg langs den raudstipla linja.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.