Manila, òg kjend som manilahamp, er ein type fiber frå blada og bladstenglane til abacá (Musa textilis), ein plana i bananfamilien. Tidlegare vart fiberen brukt til å laga tau og fiskegarn, og han er kjend for å tola saltvatn godt. I dag vert han brukt til spesielle papirprodukt, som teposar, filterpapir og pengesetlar. Han vert òg brukt til å produsera eit rimeleg, brunt papir kjent som manilapapir.

Manilapapir

Manila er ikkje hamp, men vert likevel av og til kalla «manilahamp» av historiske årsaker. I ei tid då hamp var ei av hovudkjeldene til fiber, hende det at andre fibrar vart kalla hamp sjølv om dei ikkje var det. Planta abacá kjem opphavleg frå Filippinane, og fiberen har fått namnet sitt etter hovudstaden i landet.

Kjelder endre