Manneken Pis er ei fontene i form av ein liten bronsefigur av ein gut som tissar. Det finst Manneken Pis-fontener i fleire belgiske byar, men det er den i Brussel som er mest kjend. Han står på hjørnet mellom Rue de l'Etuve og Rue des Grands Charmes, nær Grand Place. Statuen som står der i dag vart sett opp i 1619, men det skal ha stått liknande figurar der før. Manneken Pis er svært kjend og han har vorte eit symbol for Brüssel. Figuren er berre 60 cm høg, og turistar som kjem for å sjå han vert ofte overraska over kor liten han er. Manneken Pis har vore stolen fleire gonger, men han har kvar gong kome til rette og vorte sett attende på plassen sin.

Manneken Pis
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.