Marónia-Sápes
Lokalt namn Μαρώνεια-Σάπες
Geografi
Stad Thráki
Koordinatar 41°2′N 25°42′E / 41.033°N 25.700°E / 41.033; 25.700
Areal 640,1 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Aust-Makedonía og Thráki
Rodópi
Hovudsete Sápes (2 694 innb.)
Demografi
Folketal 11 867 (2021[1])
Folketettleik 18,5 /km²

Marónia-Sápes (gresk Μαρώνεια-Σάπες) er ein kommune i periferieininga Rodópi i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas.

Marónia-Sápes ligg søraust for Komotiní og har kystlinje mot Det thrakiske havet mot sør. I aust grensar kommunen til Évros.

Administrativ inndeling

endre
 
Kart over kommunaleiningane i kommunen Marónia-Sápes. ██ 1 - Marónia ██ 2 - Sápes

Kommunen vart oppretta i 2011 ved at dei tidlegare kommunane Marónia og Sápes vart slått saman. Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Byar og tettstader

endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Sápes Sápes 3 351 2 694
Xylaganí Marónia 1 180 942
Arísvi Sápes 1 054 883
Arsákio Sápes 660 573
Amáranta Marónia 624 558

Referansar

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.