Marcel Ciolacu
Ion-Marcel Ciolacu (fødd 28. november 1967) er ein rumensk politikar som frå 15. juni 2023 har vore Romanias statsminister. Han er også leiar for det rumenske sosialdemokratiske partiet (PSD).
Marcel Ciolacu | |||
| |||
Fødd | 28. november 1967 (57 år) Buzău | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Romania | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Utdanna ved | Ecological University of Bucharest Școala Națională de Studii Politice și Administrative | ||
Alle verv |
|
Karriere
endreDen rikspolitiske karrieren til Ciolacu starta då han i 2018 blei utnemnd til visestatsminister i regjeringa til Mihai Tudose. Det vert sagt at han skal ha blitt handplukka for å rapportere omkring Tudose til den dåverande parlamentspresidenten Liviu Dragnea som sjølv var avskoren frå statsministerposten på grunn av ei korrupsjonssak,[1] men Ciolacu braut sambandet til Dragnea og allierte seg med Tudose. Då Tudose trekte seg i januar 2018 blei Ciolacu sett på sidelinja.[2][3] Han fekk større innverknad etter at Dragnea i 2019 blei dømd til 3 år og 6 månaders fengsel for maktmisbruk.[4] Ettersom sosialdemokratane hadde fleirtal i begge kammera i parlamentet blei Ciolacu vald til parlamentspresident med 172 mot 120 røyster.[3] Han etterfølgde den fengsla Liviu Dragnea.
Den nyvalde leiaren for PSD, Viorica Dăncilă, leid eit klårt nederlag ved presidentvalet i november 2019, og Ciolacu overtok som fungerande leiar av partiet.[5] På partikongressen 22. august 2020 blei han vald til partileiar med klår margin – 1310 røyster for og 91 for motkandidaten.[6] Ciolacu leia partiet til siger i parlamentsvalet, men han fekk ikkje fleirtal for å danne regjering. Etter den politiske krisa i 2021 måtte regjeringa til Florin Cîțu gå av. Partiet hans, Det nasjonalliberale partiet (PNL) som var ein del av regjeringskoalisjonen, inngjekk no samarbeid med det sosialdemokratiske partiet til Ciocalu og danna ny regjering med Nicolae Ciucă frå PNL som regjeringssjef.[7]
Då Ciucă gjekk av overtok Ciocalu som regjeringssjef frå 15. juni 2023.[8]
Kjelder
endre- ↑ «Cine e Marcel Ciolacu, omul care a mazilit-o pe Dăncilă». G4Media. 26. november 2019.
- ↑ «ULTIMA ORA Mihai Tudose si-a anuntat demisia din functia de premier – oficial». HotNewsRo.
- ↑ 3,0 3,1 Ilie, Adrian (27. november 2019). «Cine este Marcel Ciolacu, noul președinte interimar al PSD. Care e cel mai controversat aspect al carierei sale». Libertatea.
- ↑ «Liviu Dragnea, condamnat definitiv la trei ani și jumătate de închisoare | DW | 27 May 2019». Deutsche Welle (www.dw.com).
- ↑ «Breaking News. Viorica Dăncilă a demisionat de la conducerea PSD. Marcel Ciolacu, președinte interimar». Europa Liberă România.
- ↑ «Marcel Ciolacu, ales președinte al PSD / Eugen Teodorovici a obținut doar 91 de voturi». HotNews.ro. 22. august 2020.
- ↑ «DOCUMENT Alianța PSD-PNL-UDMR se va numi Coaliția Națională pentru România / Ce conține acordul politic / Cum se schimbă ministerele la rotație: Justiția va reveni PSD, Finanțele, PNL – Politic – HotNews.ro». 24. november 2021.
- ↑ «Romania’s Ciolacu Becomes Prime Minister After Securing Majority». Bloomberg. 15. juni 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Marcel Ciolacu» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2023.