Marek Hamšík
Marek Hamšík (fødd 27. juli 1987 i Banská Bystrica) er ein slovakisk fotballspelar som har spela på midtbanen for Napoli i italiensk Serie A og på det slovakiske landslaget.
Hamšík med Napoli i 2016 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 27. juli 1987 (37 år) | ||
Fødestad | Banská Bystrica i Tsjekkoslovakia | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Dalian Yifang | ||
Nummer | 17 | ||
Ungdomsklubbar | |||
2001 2002-04 |
Jupie Podlavice Slovan Bratislava | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2002–2004 | Slovan Bratislava | 6 | (1) |
2004–2007 | Brescia | 65 | (10) |
2007–2019 | Napoli | 408 | (100) |
2019– | Dalian Yifang | 21 | (2) |
Landslag | |||
2003–2004 | Slovakia U-17 | (3) | |
2005–2006 | Slovakia U-19 | (1) | |
2006–2007 | Slovakia U-21 | (0) | |
2007– | Slovakia | 116 | (24) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 15. august 2019 ‡ Landslagsmål oppdatert 9. september 2019 |
Hamšík drog til Brescia i italiensk fotball frå Slovan Bratislava i heimlandet som 17-åring, for 500 000 euro. Han debuterte i Serie A med Brescia 20. mars 2005, i ein alder av 17 år og 237 dagar. Han vart fast på laget i Brescia i 2005/06-sesongen, då laget spelte i Serie B. Sommaren 2007 gjekk han til Serie A-klubben Napoli for 5,5 millionar euro. I 2007, 2008 og 2009 vart han kåra til årets unge slovakiske fotballspelar. I 2008 vart han òg kåra til årets unge spelar i Serie A.
Hamšík debuterte for Slovakia sitt A-landslag 7. februar 2007 i ein privatlandskamp mot Polen. Han var landslagskaptein for Slovakia under fotball-VM i 2010 og spelte alle Slovakia sine fire kampar.