Opna hovudmenyen

Margot Wallström

svensk politikar

Margot Wallström[1] (fødd 28. september 1954 i Kåge, Västerbottens län) er ein svensk og europeisk sosialdemokratisk politikar. Frå 3. oktober 2014 til 10. september 2019 var ho utanriksminister i Stefan Löfvens første regjering og Stefan Löfvens andre regjering. Den 6. september 2019 vart det offentleggjort at Wallström, etter eige ønske, ville avgå som utanriksminister. Grunngivinga hennar var at ho ønsket meir tid til familien.[2]

Margot Wallström
Margot Wallström Senate of Poland 01 (cropped).JPG
Fødd 28. september 1954
Kåge
Yrke politikar, minister
Margot Wallström på Commons

Sverige er, under Wallströms tid som utanriksminister, det første landet i verda som utforma og fører ein feministisk utanrikspolitikk. Ho fekk utarbeidd Handbok i feministisk utanrikspolitikk, som blant anna inneheld metodar og erfaringar, og skal vera ein ressurs for det internasjonale arbeidet for likestilling og menneskerettar for alle kvinner og jenter.[3]

KjelderEndra

  1. «Margot Elisabeth Wallström, 64 år i Hammarö på Västra Takene 315. Adress, telefon, inkomst, bostadsvärdering och bakgrundskontroll från Mrkoll». mrkoll.se. Arkivert frå originalen 2019-03-24. Henta 24. mars 2019. 
  2. Wikén, Erik; Stefansson, Klara; Knutson, Mats (6. september 2019). «Utrikesminister Margot Wallström avgår» (svensk). Henta 9. september 2019. 
  3. Regeringskansliet, Regeringen och (13. mai 2015). «En feministisk utrikespolitik». Regeringskansliet (svensk). Henta 9. september 2019. 

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Margot Wallström