Maria Theresia av Austerrike (1638-1683)

(Omdirigert frå Maria Theresa av Spania)

Maria Theresia av Austerrike (10. september 163830. juli 1683) var ei spansk kongsdotter og dronning av Frankrike gjennom ekteskapet sitt med Ludvig XIV. Ho var dotter av Filip IV av Spania, og hadde titlane infanta av Spania, infanta av Portugal og erkehertuginne av Austerrike. Gjennom ekteskapet var ho dronning av Frankrike og Navarra.

Maria Theresia av Austerrike

FøddMaría Teresa de Austria y Borbón
10. september 1638
Madrid
Død30. juli 1683
Versailles
TittelConsort of France
Alle titlarinfante av Spania, Fransk dronninggemalinne, kongegemalinne
Hus eller slektSpanish House of Habsburg, Huset Bourbon
GravstadKlosterkyrkja Saint-Denis
LandFrankrike, Spania, Kongedømet Portugal
MorÉlisabeth de France
FarFilip IV av Spania
EktefelleLudvig XIV av Frankrike
BarnLudvig, dauphin av Frankrike, Marie-Thérèse, Philippe Charles, hertug av Anjou, Anne-Élisabeth av Frankrike, Marie Anne av France, Louis François d'Anjou
Maria Theresia og le Grand Dauphin, måla av Charles Beaubrun.
Maria Theresia måla av Jean Nocret.

Ekteskapet med Ludvig var politisk motivert, som ein del av ein avtale med Spania. Samlivet vart difor ulykkeleg, då kongen var mest oppteki av elskarinnene sine. Blant desse elskarinnene var Madame de Maintenon og Madame de Montespan. Maria Theresia fekk stort sett vere i fred med interessene sine, så lenge ho ikkje klaga på kongen sin utanomekteskaplege eventyr.

Då ho døydde i 1683 i Versailles var det mange som mistenkte at ho ikkje døydde naturleg. Det finst likevel ingen bevis for dette.

Av Maria Theresia sine seks born var det berre eitt som levde til vaksen alder. Sonen Ludvig, le Grand Dauphin, som han vart kalla, døydde likevel i 1711, før han fekk teke over den franske trona.

Kjelder

endre