Marie-Helene Östlund

Marie-Helene Westin, gift Östlund, (fødd 14. mai 1966) er ein svensk tidlegare langrennsløpar frå Sollefteå som vart verdsmeister på 20 km i 1987.

Marie-Helene Östlund
Statsborgarskap Sverige
Fødd 14. mai 1966 (57 år)
Sollefteå
Idrett langrenn
Tok del i

langrenn under Vinter-OL 1992, langrenn under Vinter-OL 1994, langrenn under Vinter-OL 1988, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Tjejvasan 1994, Tjejvasan 1995

Westin, med kallenamnet Billan, kom ikkje mellom dei ti beste då ho meisterskapsdebuterte under Ski-VM 1987 i Oberstdorf, og trass i at ho gjekk Sverige inn til bronse i 4 x 5 km stafett, var ho ikkje ein av medaljekandidatane til den avsluttande 20-kilometeren. Her overraska ho derimot stort og vann ein klar siger, noko som gav henne Svenska Dagbladets gullmedalje.

Gjennom OL-sesongen 1988 gjorde Westin fleire gode tevlingar, noko som førte henne opp på andreplass i verdscupen i langrenn 1988, einast finske Marjo Matikainen var betre betre. Den 27. mars avlsutta ho sesongen med å vinne sitt andre og siste verdscuprenn, ein 10 km i fristil i Rovaniemi. Under vinterleikane i Calgary måtte ho nøye seg med ein sjuandeplass på 5 km som besteplassering.

Etter eit par magre sesongar kom Westin tilbake i toppen då Ski-VM 1991 fann stad i Val di Fiemme. På 10 km kneip ho sølvmedaljen, bak suverene Jelena Välbe frå Sovjetunionen, medan ho kom på sjetteplass på 15 km. Året etter gjekk ho jamnt gode løp under Vinter-OL i Albertville, og vart som best nummer sju på 30 km.

Perioden 1993-95 nådde ikkje Marie-Helene Östlund, som ho heitte etter at ho i 1993 gifta seg med stafettverdsmeister Erik Östlund, heilt opp mot verdseliten i individuelle tevlingar. Frå Ski-VM 1995 i Thunder Bay fekk ho med seg ein bronsemedalje i 4 x 5 km stafett med det svenske kvinnelaget.

Hjarteflimmer førte til at ho la opp i 1995.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.