Marita Skogum (fødd 3. januar 1961) er ein svensk tidlegare orienteringsløpar frå Berghem. Ho vart verdsmeister i 1989 og 1993, i tillegg var ho med å sikre Sverige stafett-gull i VM 1983, 1989, 1991 og 1993.

Marita Skogum
Statsborgarskap Sverige
Fødd 3. januar 1961 (63 år)
Idrett orientering

Karriere endre

Skogum kneip sølvmedaljen individuelt ved VM 1983, før ho tok seg av den andre etappen for det svenske gull-laget i stafett. Under verdsmeisterskapen 1989 sprang ho inn til siger i både den individuelle tevlinga og i stafett. To år seinare forsvarte ho Sveriges VM-tittel i stafett. Ved den nordiske meisterskapen 1992 på Rena vann Skogum gull i alle tre tevlingane: klassisk-distanse, kort-distanse og stafett. Same sesongen vann ho verdscupen i orientering. Året etter sanka ho to nye VM-gull og eitt VM-sølv før ho la opp.

I 1989 vart ho kåra til Årets idrettskvinne i Sverige.

Skogum var landslagstrenar for det svenske kvinnelaget, perioden 2006–2010 også svensk landslagssjef.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap endre

  • VM 1983: Sølv individuelt og gull i stafett
  • VM 1987: Sølv i stafett, nr 10 individuelt
  • VM 1989: Gull individuelt og i stafett
  • VM 1991: Bronse i klassisk løype, gull i stafett
  • VM 1993: Gull i klassisk løype og stafett, sølv i kort løype

Kjelder endre