Martha Daniell Logan

amerikansk skribent

Martha Daniell Logan (29. desember 170428. juni 1779) var ein amerikansk botanikar. Ho samla og selde plantar og frø, og skreiv frå 1750 ei innverknadsrik hagespalte i South Carolina Gazette. Logan spelte ei viktig rolle i planteutvekslinga mellom Nord-Amerika og Storbritannia gjennom samarbeidet sitt med den britiske botanikaren John Bartram.

Martha Daniell Logan
Fødd29. desember 1704
Sør-Carolina
Død28. juni 1779
Charleston i Sør-Carolina
NasjonalitetUSA
Yrkeskribent, gartnar, botanikar, plantesamlar
BarnWilliam Logan

Liv og virke

endre

Logan var fødd inn i ein rik familie i St. Thomas Parish i Sør-Carolina. Foreldra hennar var Robert Daniell og Martha Wainwright. Faren var ein framståande kjøpmann og var viseguvernør (lieutenant governor) for Sør-Carolina i to periodar.[1] Ho fekk lese- og skriveopplæring av ein huslærar. Etter at faren døydde i 1718 arva Martha Daniell eigedommen hans langs Wando-elva.[1] I 1719 gifta ho seg med George Logan, Jr. I løpet av dei følgjande seksten åra fødde ho åtte barn; seks av dei voks opp.[2] Familien Logan flytta etterkvart frå Wando til ein plantasje nær Charleston i Sør-Carolina, og Martha byrja den botaniske innsamlinga si i skogen i nærområdet.[2]

Etter at ektemannen døydde i 1742 hadde Martha Logan økonomiske vanskar. I 1742 sette ho inn ein annonse i South Carolina Gazette der ho tilbaud å husa barn og læra dei å lesa og skriva.[3] Sonen hennar Robert annonserte om sal av importerte frø, planterøter og fruktsteinar. I 1751 byrja Martha å skriva spalta Gardener's Kalendar for South Carolina Gazette.

Fortsette økonomiske vanskar gjorde at ho måtte selja plantasjen i 1753. Martha flytta til Charleston der ho selde uvanlege frø og røter og gjekk djupare i dei botaniske studia sine.[4] Ho fortsetta å samla plantar, frø og anna plantemateriale, og byrja ei omfattande brevveksling med den kongelege botanikaren John Bartram.[5] Bartram var stasjonert i Philadelphia, og utveksla eksemplar og mykje informasjon med Logan.[2]

Logan døydde i Charleston då ho var 75 år gammal, 28. juni 1779.[2][6]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Logan, Martha Daniell». South Carolina Encyclopedia (på engelsk). Henta 26. januar 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Oakes, Elizabeth H. (2002). International Encyclopedia of Women Scientists. Facts on File. ISBN 0-8160-4381-7. 
  3. Ogilvie, Marilyn Bailey; Harvey, Joy Dorothy (2000). The Biographical Dictionary of Women in Science: L-Z (på engelsk). Taylor & Francis. ISBN 9780415920407. 
  4. Hershey, David, R. (April–June 1992). «Notable Women in the History of Horticulture». HortTechnology 2 (2): 180–182. 
  5. Parrish, Susan Scott (2002). «Women's Nature: Curiosity, Pastoral, and the New Science in British America». Early American Literature 37 (2): 195–245. ISSN 0012-8163. 
  6. Marilyn Bailey Ogilvie & Joy Dorothy Harvey (2000). The Biographical Dictionary of Women in Science: L-Z. Taylor & Francis. s. 799. ISBN 041592040X. Henta 25. februar 2015.