Martin Hoffmann
Martin Hoffmann (fødd 22. mars 1955) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Gommern i Sachsen-Anhalt som vann olympisk gullmedalje med Aust-Tyskland sitt landslag under Sommar-OL 1976 i Montréal og i 1974 cupvinnarcupen med FC Magdeburg.
Martin Hoffmann | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 22. mars 1955 (69 år) Gommern |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1974, Fotball under Sommer-OL 1976 |
Klubbspel
endreHoffmann var ein kjapp venstreveng på FC Magdeburg frå 1973 til 1985. Han var i denne perioden med om å vinne cupvinnarcupen i 1974, den austtyske ligaen to gongar og nasjonal seriemeister tre gongar.
Landslagsspel
endreHoffmann deltok i 66 landskampar for Aust-Tyskland i åra frå 1973 til 1981 og skåra 16 mål. Sommaren 1974 spelte han i alle seks VM-kampane til det austtyske laget då Fotball-VM 1974 fann stad i Vest-Tyskland, ein meisterskap der han noterte seg for sitt fyrste landslagsmål, då det vart 1-1 mot Chile i gruppespelet. Under dei olympiske sommarleikane 1976 skåra Hoffmann det andre målet då Aust-Tyskland vann OL-finalen med 3-1 over Polen framfor 71 617 tilskodar på Olympic Stadium i Montréal.
Merittar
endre- OL-gull: 1976 for Aust-Tyskland
- Vinnar av cupvinnarcupen: 1974 med FC Magdeburg
- Austtysk ligameister: 1974 og 1975 med FC Magdeburg
- Austtysk cupmeister: 1978, 1979 og 1983 med FC Magdeburg
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Martin Hoffmann (Fußballspieler)» frå Wikipedia på tysk, den 22. oktober 2018.