Martin Luther

tysk reformator og teolog

Martin Luther (10. november 148318. februar 1546) var ein tysk prest. Han er rekna som den mest sentrale personen i høve til å få gang reformasjonen.

Martin Luther

Luther 46 år gamal, måleri av Lucas Cranach den eldre frå 1529.]]
Statsborgarskap Det tysk-romerske riket
Fødd 10. november 1483
Eisleben
Død

18. februar 1546 (62 år)
Eisleben

Yrke omsetjar, teolog, professor, western Christian monk, advokat, bibelomsetjar, salmediktar, reformator, presbyter, filosof, pastor, skribent, predikant, komponist, skriver
Språk latin, nyhøytysk, tysk
Religion Den latinske kyrkja, Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Hans Luther
Mor Margarethe Luther
Ektefelle Katharina von Bora
Martin Luther på Commons

Dei fyrste åra endre

Martin Luther blei fødd i Eisleben i Tyskland i 1483 og døydde i same by i 1546. Oppdraginga til Luther blir omtala som streng og prega av foreldra sine ideal om nøysemd og fromleik. Han studerte juss som ung mann, men braut med juss-studiet og søkte opptak i augustinarane sitt kloster i Erfurt. Her kunne han fortsette å studere ved universitetet sjølv om han tok del i klosterlivet. Augustinarane fører sin tradisjon attende til kyrkjefaderen og filosofen Augustin. Denne ordenen var kjend for å vere særs lojal mot Roma, men òg for å legge stor vekt på den enkelte munk si utvikling og personlege fromleik.

Leiaren i ordenen og lærarar ved universiteta i Erfurt og i Wittenberg nokre få mil unna oppdaga fort kva kapasitet den unge Martin Luther var. Teologen Johann von Staupitz i Wittenberg fekk ei sentral rolle som rettleiar og akademisk farsrolle for Luther. I 1507 blei Luther vigd til prest etter intense teologiske studiar, og i 1512 blei han doktor i teologi i Wittenberg. Han var då 29 år gamal og hadde lenge hatt førelesingar i dei fleste teologiske disiplinar.

Eksistensiell krise endre

Dei påfølgjande åra frå 1512 til 1517 var prega av intens akademisk aktivitet og stor framgang på det ytre plan. Samtidig har han sjølv og andre omtala desse åra som ei personleg krisetid. Verken klosterlivet eller dei teologiske studia kunne løyse dei eksistensielle problema han sleit med. Læraren Staupitz var til hjelp. Han understreka at tvilen og anfektinga høyrer med til eit sant kristenliv. Dette var ei trøyst for den grublande unge teologen, men likevel ikkje nok. Martin Luther kom inn i ei djup eksistensiell krise. Denne krisa kan sikkert omtalast på ulike måtar: Sonen som sleit med å oppfylle forventningane hos ein streng far, munken som strevde med løfta om å vere lydig og kyskleik, renessansemennesket som utforska grensene for mennesket sin fridom. Martin Luther sjølv har omtala krisa som teologisk og eksistensiell på same tid: ”Kven er Gud, og korleis kan mennesket halde mål i Gud sine auge?” undra den unge Luther.

Ei ny forståing av trua endre

 
Tomus secundus omnium operum, 1562

Martin Luther sitt problem går inn i sentrum i den kristne trua. Eitt år før han døydde, skildra han krisa slik: Sjølv om eg levde som ein uklanderleg munk, kjende eg likevel uroleg samvit over at eg for Gud var ein synder og ikkje kunne forlate meg på at eg kunne oppnå å bli forsona gjennom mine eigne gjerningar. Det var ikkje berre det at eg ikkje elska – nei, eg hatet den rettferdige Gud som straffar syndarar … Slik raste eg i min ville og forvirra samvit og anstrenga meg bittert med den plassen hjå Paulus som eg brennande gjerne skulle ha visst kva han meinte med.[1]

Han strevde med å forstå fyljande avsnitt i Paulus sitt brev til romarane: «For eg skjemmest ikkje ved evangeliet; det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, både for jøde fyrst og so for grekar; for i det vert Guds rettferd openberra av tru til tru, som skrive stend: Den rettferdige, ved tru skal han leva.» (Rom 1,16-17). Luther fyljer Paulus, som påstår at mennesket aldri er i stand til å fylje opp Guds vilje og forventningar gjennom eiget liv. Men korleis er det då mogeleg å fylje opp Gud sitt krav om rettferd når mennesket aldri kan nå ein akseptabel standard gjennom eit fromt liv og gode gjerningar? Det som blir kalla Luther sitt ”reformatoriske gjennombrot”, handlar om eit nytt perspektiv på kva Guds rettferd inneber. Han forstår etterkvart at det ikkje kan vere ein menneskeleg prestasjon eller kvalitet, men ein gåve Gud gjer. Slik skal Luther sjølv ha uttalt det: Då eg i byrjinga starta å forstå Guds rettferd som den rettferdige lever av som av ei Guds gåve, nemleg trua. Og at meininga er denne: at Guds rettferd blir openberra gjennom evangeliet, nemleg ei passiv rettferd, gjennom kva Gud i si miskunn rettferdiggjer oss gjennom trua, som det står skrive: den rettferdige skal leve av tru.[1]

Nåde endre

Kyrkjene i samtida til Luther la stor vekt på det kristne mennesket sitt handlingsliv gjennom å understreke dei gode gjerningane og bota si tyding. Det hadde òg vakse fram ein praksis der ein kunne gje gåver til kyrkja gjennom å kjøpe såkalla "avlatsbrev". I den folkelege fromheita blei slike gåver sett i samanheng med skjærselden. Skjærselden blei sett på som ein plass syndarar oppheldt seg etter døden for å klargjere seg til livet i himmelen. Her kunne syndarane gjere bot og sone, og opphaldet i skjærselden var avhengig av korleis ein hadde levd sitt liv på jorda. I mellomalderen oppstod det førestillingar om at det var mogleg å opparbeide seg fortenester (meritum på latin) ) som gjorde at Gud såg på syndarane med mildare auge. Luther si nye forståing av forholdet mellom tru og gjerningar gjorde han sterkt kritisk til denne delen av kyrkja si forkynning og lære: Guds nåde kan ikkje kjøpast eller fortenast. Den er ei gåve som blir gitt den som trur. Ja, sjølv trua er ei gåve frå Gud.

Tesar mot avlaten endre

Luther arbeida i årevis med desse spørsmåla. Han granska Salmane si bok, Det nye testamente og teologiske verk. Samtidig heldt han førelesningar for studentar i Wittenberg og Erfurt, og han heldt preikar som prest og munk. Sjølve gjennombrotet i synet på Guds rettferd skal ha skjedd i 1513 eller 1514 mens han arbeidde med ein kommentar til Salmane si bok. Men det var fyrst i 1517 at han for alvor offentleggjorde sitt nye teologiske grunnsyn og trekte kyrkjekritiske konklusjonar av det. Det fyrste han angreip offentleg var avlatshandelen. Handelen med avlatsbrev var på dette tidspunkt blitt omfattande. Kyrkja trong inntekter til bygginga av den enorme Peterskyrkja i Roma, og pave Leo X (1513-1521) hadde sjølv godkjent avlatshandelen som kjelde til finansieringa. Tankegangen bak var på mange måtar idealistisk: Kyrkja sin viktigaste eigedom var evangeliet om frelse og tilgiving. Denne eigedom må da òg kunne brukast til å skaffe kyrkja naudsynte inntekter. Det er jo berre sunt for ein botferdig syndar å gje pengar til eit godt formål! Men avlatshandelen blei mange stadar ganske ekstrem, og det oppstod førestillingar om at synd og skyld er storleikar ein kan betale seg ut av. Ikkje bere dei levende, men òg dei daude kunne «kjøpast fri» frå straff, meinte mange. Men nokre var òg kritiske til avlatshandelen, ikkje minst munkar og nonner i klostra og enkelte teologar på dei nye universiteta.

Allehelgensdag var festen for dei avdøde. Då gjekk familiane til kyrkja og bad for dei kjære som var gått vekk. Samtidig var det høgsesong for omsetting av avlatsbrev. Mange ville gjerne betale for å kunne sleppe rimelegare i skjærselden. 31. oktober 1517, dagen før festen, sendte Luther ut 95 tesar om avlaten. I ettertid er denne dagen vorte rekna som reformasjonen sin «fødselsdag». Han skreiv tesane på latin og sendte dei til biskopen, nokre andre teologar og ein rekkje vener. Det er òg mogeleg at tesane blei slått opp på døra til slottskyrkja i Wittenberg, enten same kveld eller på sjølve allehelgensdagen 1. november. Akademikarar brukte å halde offentlege disputasar fleire gonger i året. Før ein slik disputas var det vanleg å sende ut tesar om temaet slik at folk kunne førebu seg til diskusjonen. I tesane kritiserte Luther dei mest ekstreme formene for avlatshandel. Men han gjekk lenger enn som så. Han diskuterte òg kyrkja sin botspraksis og hevda at det var direkte gale å drive handel med denne delen av kristenlivet. Han forkasta ikkje sjølve bota. Luther mente framleis at det kunne vere godt og rett for eit kristent menneske å gjere bot, både i form av åndelege øvingar og gode gjerningar for andre. Kritikken hans ramma fyrst og fremst handelen med bota som sakrament, men dermed utfordra han samtidig kyrkja og pavestolen sin autoritet. Tesane var i Luther si samtid eit særs radikalt døme på autoritetskritikk.

Det blei ingen disputas om avlatshandelen i Wittenberg. Men tesane eksploderte i offentlegheita på ein måte som Luther truleg ikkje hadde drøymt om. Dei blei omsette til tysk og distribuert over store delar av det tysksnakkande Europa i løpet av kort tid. Martin Luther blei ein kjend mann. Nokre rosa han fordi han kritiserte dei geistlege si pengeutpressing. Men mange var djupt sjokkert over den unge munken og universitetsdoktoren som utfordra dei kyrkjelege autoritetane.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Lije 1972

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Martin Luther