Martin Skaaren
Martin Magnus Skaaren (30. april 1905–1. februar 1999) var ein norsk fiskar, småbrukar, ordførar og stortingsrepresentant for Høgre frå Hitra.
Martin Skaaren | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. april 1905 Kvenvær kommune |
Død |
1. februar 1999 (93 år) |
Yrke | politikar, fiskar, bonde |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Skaaren var son til ein og fiskar og småbrukar. Han byrja sjølv fiskje i 1920 og i 1927 tok også over småbruket etter faren og dreiv det i fleire tiår.
Skaaren var medlem i skulestyret i Kvenvær kommune frå 1931 og i kommunestyret frå 1934, to verv som han hadde til 1961. Han var varaordførar i Kvenvær 1937-45 og sidan ordførar 1945-61. Attåt var han formann i trygdenemnda 1937-58, kontrollnemnda 1939-63 og formann Fiskeristyret for Fosen frå 1940 til 1979.
I 1961 vart Skaaren vald inn i Stortinget som representant for Høgre i Sør-Trøndelag. Han vart attvald i 1965. Alle åtte åra på Stortinget var han medlem i Kommunalkomiteen. Han var der særleg engasjert i spørsmål som vedkom folk langs kysten og i såkalla utkantområde.
Skaaren var medlem i landsstyret til Høgre 1959-62 og i Statens Friluftsråd 1966-73.