Martine Lunde
Martine Lunde Aarsrud (fødd 17. februar 1996) er ein norsk influensar og reality-TV-deltakar.
Martine Lunde | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. februar 1996 (28 år) Oslo |
Yrke | influensar, youtubar, realitydeltaker, programleiar |
Språk | norsk |
Medlem av | Splay Norge |
Partnar | Aleksander Sæterstøl |
Biografi
endreLunde er influensar, og driv med sosiale medium på heiltid.[1] Lunde driv òg YouTube-kanalen «Martine Lunde», som per januar 2019 hadde ca. 45 000 abonnentar.[2] Tidlegare dreiv ho YouTube-kanalen «Isabelle & Martine» saman med venninna Isabelle Eriksen, og då denne vart lagt på is sommaren 2018 hadde han ca. 63 000 abonnentar.[3][4]
Ho deltok i realityserien Paradise Hotel i sesong 9, og stakk av med sigeren saman med partnaren Kevin René Gustavsson. Under «troskapstesten» valde Lunde å sleppa kulen på 50 000 kr, noko som gjorde at ho åleine vann denne premien, i staden for at ho og Gustavsson kunne dela 300 000 kr. Ho valde seinare å dela med venninna Isabelle Eriksen og kjærasten Aleksander Sæterstøl, slik at dei alle tre fekk 100 000 kr kvar.[5][6]
TV
endreMartine var programleiar for første sesong av Glow Up. Det er eit program som fokuserer på ulik typar sminke. I programmet var Dajana Tomanovic domar på kvart program. Det var òg ulike gjestedommarar i kvar episode.[7]
Både Martine og kjærasten Aleksander har vore hovudpersonar i dokusåpa Bloggerne.[8]
Ho var med i tredje sesongen av Farmen Kjendis, som gjekk på TV 2 frå januar 2019.[9] Ho var òg med i TV 2-programmet Skal vi danse i 2018, og enda på tredjeplass.[10]
Martine vil bli politi
endreI mars 2021 kom det ein serie om at Lunde fekk opplæring i å bli politi i 11 dagar. Serien vart publisert på TV 2 Play. Det vart kritisert av politistudentar før serien byrja. Dei reagerte på at Martine fekk komma inn på politihøgskulen, medan dei sjølv måtte ha undervisning heime. Politihøgskolen ønskte å auka rekruttering og forståing for vidareutdanning i politiet. Lunde sa at ho hadde fått mange positive kommentarar frå politistudentar.[11][12]
Kjelder
endre- ↑ «Instagram-stjerne sjekker inn på 'Paradise Hotel'». Dagbladet. 17. mars 2017. Henta 8. juni 2018.
- ↑ «Martine Lunde». YouTube. Henta 13. januar 2019.
- ↑ «Isabelle & Martine». Influencer Wiki. Arkivert frå originalen 10. juni 2018. Henta 10. juni 2018.
- ↑ «Sannheten». Martine Lunde. 22. august 2018. Henta 13. januar 2019.
- ↑ «Hvorfor slapp jeg kula?». martinelunde.blogg.no.
- ↑ «Dramatisk finale i «Paradise Hotel»: - Jeg hadde bestemt meg for at den kula skulle i bakken». Dagbladet. 1. juni 2017. Henta 13. januar 2019.
- ↑ «Glow up» (på norsk). Henta 14. august 2021.
- ↑ Solberg, Julie (27. august 2020). «Martine Lunde i sorg etter kjærestens triste beskjed: - Redd for at det samme skal skje med meg» (på norsk). Henta 14. august 2021.
- ↑ «Dette er de nye 'Farmen'-kjendisene». seher.no. 26. mai 2018. Henta 13. januar 2019.
- ↑ «Martine Lunde (22) er ute av Skal vi danse». TV 2. 10. november 2018. Henta 13. januar 2019.
- ↑ Grindem, Karianne (12. mars 2021). ««Hun får kjenne på hvordan det er å være politi. I mellomtiden sitter vi som har kommet oss gjennom opptaksprøvene og er politistudenter hjemme.»» (på norsk). Henta 14. august 2021.
- ↑ «Martine vil bli politi». Henta 8. september 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Martine Lunde» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2021.