Mary Todd Lincoln
Mary Ann Todd Lincoln (13. desember 1818–16. juli 1882) var førstedame i USA medan mannen Abraham Lincoln var president, frå 1861 til han vart skoten i 1865.
Mary Todd Lincoln | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 13. desember 1818 Lexington i Kentucky |
Død |
16. juli 1882 (63 år) |
Yrke | førstedame |
Språk | engelsk |
Politisk parti | Det republikanske partiet |
Religion | Presbyterianisme |
Far | Robert Smith Todd |
Mor | Ann Eliza Parker |
Ektefelle | Abraham Lincoln |
Mary Todd Lincoln på Commons |
Mary Lincoln var fødd i Lexington i Kentucky, ein av Sørstatane under den amerikanske borgarkrigen, og blei difor utsett for rykte om at ho spionerte for fienden medan krigen gjekk føre seg.[treng kjelde]
Presidentkona blei òg skulda for å bruka for mange pengar, mellom anna på å dekorera det kvite huset i Washington. Seinare brukte ho òg mykje av sin eigen formue. Dette, saman med ein underleg oppførsel som truleg skuldest depresjon etter at mannen og to søner var døde, fekk sonen Robert Lincoln til å legga henne inn på eit sinnsjukehus i 1875. Ho slapp ut etter tre månader, men hadde seinare eit anstrengt tilhøve til sonen.[1]
Kjelder
endre- ↑ «The Madness of Mary Lincoln», AMERICAN HERITAGE (på engelsk), henta 19. desember 2023