Maskinhuset A/S (1920 – 1990) var ei norsk verksemd med hovudsete i Hillevågsvegen i Stavanger. Verksemda blei etablert av sørlendingen Thorvald Veire, med verkefelt innanfor produksjon, import, distribusjon og eige butikksal i et bredt spekter av produktområde i den norske marknaden. Verksemdas eiget varemerke var Svithun. Verksemda hadde også registrert eit eige patent for feste av ryggsekk på sykkel.[treng kjelde] Elles dreiv Maskinhuset import og sal av utanlandske produkt med varemerke som Puch og NSU samt sal av Mazda bilar. Dei var representant for Durkoppwerke AG, Francis&Barnett Ltd og Veloce Ltd.[1]

Nokre salsprodukt:

Maskinhuset blei avvikla i 1990[2] etter eit oppkjøp med påfølgjande sal av delverksemder. Noko av verksemda er ført vidare av Sportsenteret Kvadrat og Forus Industri, seinare Attende AS.[3] Ein annan avleggar er Svithun Elektro as.[4]

Kjelder

endre
Referansar
  1. folk.ntnu.no Dagfinn Johnsen: NORSKPRODUSERTE MOPEDER OG MOTORSYKLER
  2. Rogalands Avis 1992.07.01. Norge;Rogaland;Stavanger. 1. juli 1992. s. 36. 
  3. Attende: Verdifull jobb til alle Hinna avis, 9. mai 2018. Henta 19. januar 2020
  4. Svithun Elektro as Historikk arkivert på Internet Archive. Henta 19. januar 2020

Bakgrunnsstoff

endre