Onani
(Omdirigert frå Masturbasjon)
Onani eller masturbasjon er stimulering av kjønnsorgan for å få seksuell nyting utan at ein har samleie. Ein kan onanera for å tilfredsstilla seg sjølv, eller utføra onani på ein partnar. Onani kan utførast med hendene eller gjenstandar, av både menn og kvinner. Det er også observert onani blant fleire dyr.
Gjennom tidene har ein hatt eit svært ulike syn på denne forma for seksuell åtferd. Onani har vore rekna som syndig, skadeleg eller teikn på sinnslidingar. I dag reknar ein ikkje med at seksuell stimulering i seg sjølv er sjukt eller skadeleg, og onani blir sett på som naturleg. Handlinga er likevel framleis omfatta av tabu.