Matematisk konstruktivisme

Konstruktivisme i matematikk er ein filosofisk doktrine som seier at matematiske storleikar ikkje eksisterer uavhengig av konstruksjonen vår av dei. For at denne tenkemåten skal vere gyldig, må derfor eit matematisk bevis eller ein definisjon ikkje berre vise at ein storleik eksisterer, men òg korleis storleiken kan konstruerast.

Utvalsaksiomet er til dømes ikkje konstruktivt, fordi det ikkje seier noko om korleis ei utvalt mengd kan konstruerast. Uendelegheitsaksiomet er derimot konstruktivt fordi det gjev ein algoritme som genererer uendeleg mange objekt.

Sjå òg endre

Kjelder endre