Materialisme
Materialisme er brukt om det å legga vekt på ting eller materie, både i det daglege og som del av tenking om korleis verda er bygd opp.
Å leva eit liv der ein legg vekt på materielle gode og eigedom blir kalla materialistisk. Dette står gjerne i motsetning til åndelegheit og religiøsitet.
Innan teoretisk filosofi er materialismen den filosofiske retninga som ser på det fysiske som det einaste som er til. Sjå det psykofysiske problemet.