Mathias Blilie
Mathias Larsen Blilie (fødd 2. oktober 1854) var ein norsk gardbrukar, tømmerhandlar og stortingsmann frå Vestre Toten.
Mathias Blilie | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. oktober 1854 Vestre Toten kommune |
Død |
25. april 1929 (74 år) |
Yrke | politikar, bonde, trelasthandlar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre, Frisindede Venstre |
Far | Lars Kristiansen Blilie |
Mathias Blilie var son til Lars Blilie. I 1880 tok han over farsgarden i Vestre Toten og dreiv denne. Han var tømmerhandlar og storaksjonær i ymse firma. Blilie var medlem av formannskapet i Vestre Toten i 28 år, ordførar åra 1902-07. Perioden 1908-10 var han ordførar i det nye heradet Eina. Han var også forlikskommissær i mange år, og frå 1900 styremedlem i den lokale sparebanken. Frå 1888 til 1910 var han formann i Toten og Vardals brannforsikringsselskap.
Blilie representerte einmannskrinsen Toten på Stortinget i tida 1906-12. I den første valbolken var han medlem av tollkomiteen, permittert frå tinget 29. april-22. juni. Han var medlem av protokollkomiteen i den andre valbolken, 1910-12, representerte då Frisinna Venstre.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914