Mathias Antonsen Normann (fødd 28. mai 1996) er ein norsk fotballspelar frå Svolvær. Han er midtbanespelar.

Mathias Normann


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mai 1996 (27 år)
Svolvær
Idrett fotball
Tok del i

2019 UEFA European Under-21 Championship qualification Group 5

Karriere endre

Klubbspel endre

16 år gammal spelte Normann 5 seriekampar for Lofoten FK på nivå 4 i seriesystemet. Året etter skreiv han kontrakt med Bodø/Glimt. Sesongen 2015 var han aktiv for Alta IF på nivå 3. År 2016 spelte han seg til fast plass på eliteserielaget Bodø/Glimt. Våren 2017 fekk han kontrakt med engelske Brighton, men kom aldri på bana i kamp og spelte i staden for Molde FK frå hausten 2017 og halve 2018-sesongen. Frå hausten 2019 gjorde Normann teneste i FK Rostov i den russiske toppserien i to sesongar. Sesongen 2021/22 har Normann spelt for Norwich City, nyopprykka til engelske Premier League.

Landslagsspel endre

Normann debuterte på det norske landslaget som innbytar den 5. september 2019. Den 8. oktober 2020 skåra han Noregs mål då landslaget på heimebane tapte EM-kvalifiseringskampen mot Serbia med 1–2. Per 1.1.2022 hadde han delteke i 11 landskampar.

Kjelder endre