Matresfjorden
- For fjorden i Kvinnherad med liknande namn sjå Matersfjorden.
60°52′2.3340″N 5°31′0.67080″E / 60.867315000°N 5.5168530000°E
Matresfjorden | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Masfjorden | ||
Matresfjorden 60°52′02″N 5°31′01″E / 60.867315°N 5.516853°E |
Matresfjorden er ein fjordarm av Masfjorden i Masfjorden kommune. Fjorden har ei lengd på 7 km og strekkjer seg austover inn til Matre.
Fjorden har innløp mellom Saltneset på sørsida og Lauvvikneset på nordsida. Like nord for Lauvvikneset ligg Soleheimsøya i innløpet til Haugsværsfjorden, den andre fjordarmen til Masfjorden. Litt aust i fjorden stikk Krossneset og dannar Haukevika på nordsida. Rett sør for Krossneset ligg Kjølneset med Lysebugen på vestsida og den djupare Haugsdalsvågen på austsida. I botn av denne vågen ligg bruket Haugsdal.
Litt lenger inn i fjorden ligg Terneset med Tersundet på nordsida. Matreselva munnar ut i fjorden ved Matre og rett utanfor Matre ligg Matresøyna.