Opna hovudmenyen

Mattismesse den 24. februar er ein merkedag som opphavleg vart feira til minne om apostelen Mattias, den trettande apostelen, som ifølgje Apostelgjerningane kom inn som ny apostel etter Judas Iskariot.[1] Vêrmerka for dagen er identiske med dei som gjeld for Peter stol, to dagar før. I gammal tid vart skotårsdagen skoten inn framom mattismesse, slik at mattismessa da fall på den 25. februar. Somme primstavar hadde ein dobbelkross til merke for denne dagen, sidan dagen i skotår skulle reknast for to.

KjelderEndra

ReferansarEndra