Mauna Kea
Mauna Kea (Kvitfjell) er er eit 4 205 m over havet høgt fjell på øya Hawaii, den høgste fjelltoppen i øygruppa/delstaten Hawaii. Fjellet er ein inaktiv skjoldvulkan.
Mauna Kea | |||
vulkan | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Mauna Kea | |||
Wikimedia Commons: Mauna Kea | |||
I tidlegare tider dreiv hawaiiarane gruvedrift på fjellet. Eit astronomisk observatorium vart i 1967 bygt på toppen av Mauna Kea, som av mange grunnar er ein ideell plass for studiet av himmelromet. Om vinteren fell snø over fjellet, og det vert drive med skisport.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Mauna Kea» frå Wikipedia på dansk, den 19. mars 2012.