Maurice Utrillo, fødd Maurice Valadon, (25. desember 18835. november 1955) var ein fransk kunstmålar.

Maurice Utrillo

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 26. desember 1883
Montmartre
Død

5. november 1955 (71 år)
Dax

Yrke kunstmålar, grafikar
Språk fransk
Mor Suzanne Valadon
Maurice Utrillo på Commons

Han vart fødd på juledagen i kunstnarbydelen Montmartre i Paris til den ugifte aktmodellen Suzanne Valadon. Utrillo er dermed ein av få av dei vidgjetne kunstmålarane i Montmartre som faktisk var fødd der. Far til guten var truleg ein ung målar kalla Boissy, men han fekk namn etter den spanske kunstnaren og kritikaren Miguel Utrillo, ein ven av mora.

Utrillo gifta seg i 1935 og flytta til Le Vesinet like utanfor Paris.

Han er gravlagd på kyrkjegarden Cimetière Saint-Vincent i Montmartre.