Mauring
Mauring er ein gammal teknikk for å tette mindre lekkasjar i trebåtar etter at båten er sett på vatnet.
Ein maurar ein båt ved å sleppe ut sagflis eller liknande i vatnet under båten. Når flisa flyt opp vert ho soge inn i sprekkar og småhòl, og vil på den måten tette lekkasjane. Mauring er ein vanleg teknikk i samband med utsett når trebåter har lege på land og treverket har tørka, dersom lekkasjane er for store til at båten trutnar på rimeleg tid.
I praksis er det enkelt å maure ein båt ved å feste ein tom blikkboks på ei lang list, fylle boksen med sagflis, halde handa for opninga og føre boksen opp-ned ned i vatnet. Deretter fører ein lista inn under båten før ein bikkar lett på han, slik at sagflisa spreier seg som ei «sky» i vatnet under skroget.