Melania Trump (fødd Melanija Knavs, fødd 26. april 1970[1]) er ein slovensk-amerikansk smykkedesignar og tidlegare modell.

Melania Trump

Fødd26. april 1970 (54 år)
Novo mesto
Statsborgar avSlovenia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia, USA
Yrkemodell, smykkedesigner, kjendis, forretningsdrivande
Utdanna vedSecondary School for Design and Photography, Ljubljana
MorAmalija Knavs
FarViktor Knavs
EktefelleDonald Trump
BarnBarron William Trump
Alle verv
  • USAs førstedame (2017–2021) Sjå dette på Wikidata

I 2001 flytta ho til USA. Melania gifta seg i 2005 med eigedomsmagnaten Donald Trump. Paret fekk i 2006 sonen Barron Trump og same år vart Melania naturalisert amerikansk statsborgar.[2]

Då Donald Trump vart teken i eid som den 45. presidenten i USA den 20. januar 2017, vart Melania førstedame i USA. Ho er den andre førstedama som er fødd utanlands (kona til John Q. Adams var fødd i England), men den første som ikkje er fødd amerikansk (fru Adams var dotter av amerikanske foreldre).

Kjelder

endre
  1. «Meet Melania Trump, a new model for first lady». Henta 10. november 2016. 
  2. «Melania Trump's American Dream». Harper's BAZAAR. 6. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre