Melchior Vulpius
Melchior Vulpius (ca. 1570–7. august 1615), etternamnet latinisert form av Fuchs, var ein tysk protestantisk kyrkjemusikar og komponist.
Melchior Vulpius | |||
Fødd | 1570 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Wasungen | ||
Død | 7. august 1615 (44 år) | ||
Dødsstad | Weimar | ||
Opphav | Tyskland | ||
Verka som | komponist |
Vulpius var kantor i Schleusingen fra 1589 til 1596, og sidan bykantor i Weimar.[1] Den første stillinga gav lite økonomisk utbytte, men med stillinga i Weimar, som han hadde i 20 år, var han godt økonomisk stilt. I denne tida gav han ut Kirchegesänge und geistliche Lieder (1604) og Ein scön geistlich Gesangbuch (1609).[1]
Blant melodiane i Ein scön geistlich Gesangbuch (1609) vert fire nytta i koralboka i Den norske kyrkja. Melodien «Christus der ist mein Leben» er nytta til mange salmer, blant dei Norsk salmebok nr 100 «Han stod med strålekransen», vidare nr 171 «Guds kyrkje syng kring vide jord», nr 616 «Anden over vatnet sveiv» og nr 740 «Fagert er landet» («Lobt Gott den Herrn, ihr Heiden all»).
Komposisjonar
endre- Pars prima Cantionum sacrarum 1602
- Pars secunda selectissimarum Cantionum sacrarum 1603
- Kirchen Geseng und Geistliche Lieder D. Martini Lutheri und anderer frommen Christen 1604
- Erster Theil Deutscher Sonntäglicher Evangelien Sprüche 1612
- Das Leiden und Sterben Unsers Herrn Erlösers Jesu Christi auß dem heiligen Evangelisten Matthäo 1613 (Neuausgabe 1981)
- Der ander Theil Deutscher Sonntäglicher Ev. Sprüche 1614
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Melchior Vulpius». Store norske leksikon (på norsk). 25. januar 2023.
- Cappelens musikkleksikon (1980) ISBN 82-02-03690-9
- Kristen sang og musikk Runa forlag 1962