Melfjorden i Sortland

fjord i Sortland i Nordland

68°41′16″N 14°51′29″E / 68.68778°N 14.85806°E / 68.68778; 14.85806 Melfjorden er ein fjordarm av Eidsfjorden i Sortland kommune i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg 3 km nordover til Laksvatnet.

Fjorden har innløp mellom Jakobvikøya i vest og Kollvikneset i aust. Den veglause garden Melfjord ligg på austsida like ved innløpet. Nesten inst i fjorden ligg Indre Melfjord, òg denne på austsida. Bortsett frå desse to er det ingen busetnader langs fjorden.