Meloria er ei lita øy utanfor kysten av Toscana i Tyrrenhavet i Italia. Ho ligg like utanfor Livorno og er omringa av grunner. Ho var åstad for to sjøslag i mellomalderen.

Tårnet på Meloria

Det første slaget ved Meloria, 3. mai 1241, vart utkjempa av flåten til keisar Fredrik II i allianse med Pisa mot ein skvadron frå Republikken Genova. Slaget enda med siger til Fredrik og Pisa.

Det andre slaget vart utkjempa 6. august 1284 og var historisk viktigare. Vanlegvis referer «slaget ved Meloria» til dette slaget. Det var eit typisk mellomaldersk sjøslag og førte til Pisa sitt fall som sjøfartsnasjon etter siger til Genova.

Kjelder endre