Membranmanometer er ein trykkmålar som blir brukt i både elektriske og mekaniske instrument.

Skjematisk framstilling av eit membranmanometer.

Membranmanometer er bygd opp av ei rund plate som er elastisk. Denne virker slik at jo meir ho blir påverka og bøyer seg blir motkreftene større, slik at det blir ein balanse mellom kreftene som påverkar membranen og fjørkrafta i membranen. Rørsla som oppstår kan bli overført mekanisk med til dømes tannhjul og tannsegment. Desse kan dreie ein visar som rører seg over ein skala med inndelingar slik at ein kan lese av trykket.

Instrumentet måler overtrykk. Skulle det ha målt absolutt trykk måtte ein ha fått vakuum i rommet i høve til instrumentet, noko som er krevjande og vanskeleg og som nesten aldri lèt seg gjera med eit slikt instrument.

F=P*a, det er krafta som påverkar måleinstrumentet som blir målt, arealet (a) er konstant mens trykk *(P) varierer.

Trykkområdet er vanlegvis 0,1-25 bar

Belastar ein membranen med trykk høgare enn dette vil membranen bli deformert og som oftast ikkje gå tilbake til si opphavlege form, slik at ein ikkje lenger kan måla rett. Membranen kan også sprekka om trykket blir for høgt.

Kjelder endre