Mercantile Ski- og Fotballklubb

(Omdirigert frå Mercantile)

Mercantile Ski- og Fotballklubb er eit norsk idrettslag heimehøyrande i Oslo, stifta 3. juni 1903. Idrettslaget er i dag ein rein fotballklubb som spelar i blå og kvite trøyer, kvite bukser og strømper.

Tidlegare har både ski og bandy vore aktivitetar i Mercantile.

I åra frå etter norsk fotball vart organisert i 1902 hadde Mercantile eit av Noregs beste lag. Mercantile vann såleis noregsmeisterskapen både i 1907 og 1912, medan det vart finaletap i 1913. Åtte Mercantile-spelarar var med då Noreg spelte sin fyrste fotballandskamp i 1908.

Kjelder endre