Merete Møller
Merete Møller (fødd 7. mai 1978) er ein dansk tidlegare handballspelar frå Sønderborg. Ho vart verdsmeister med Danmark i 1997 og seinare både noregsmeister og seriemeister med Larvik HK. Møller var spelstyrar (playmaker).
Merete Møller | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 7. mai 1978 (46 år) |
Idrett | handball |
Møller var eit av Danmarks største handballtalent då ho i 1997 fekk plass i mannskapet som vann verdsmeisterskapen gjennom finalesiger over Noreg. I tida frå november 1997 til mars 2000 deltok ho i 37 landskampar og skåra 91 mål.
Periodane 1994-96 og 1997-99 var Møller aktiv i Randers HK. I den mellomliggjande 1996/97-sesongen spelte ho på Vorup BK. Sommaren 1999 skreiv ho kontrakt med Larvik HK. Møller var sentral då klubben vann både cupmeisterskapen og seriemeisterskapen i 1999/2000-sesongen. Stendige kneskader gjorde at ho spelte sin siste kamp vinteren 2001, ein sesong der Larvik forsvarte seriemeistertittelen. Før fylte 23 år la ho opp.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Merete Møller» frå Wikipedia på dansk, den 3. april 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Merete Møller» frå Wikipedia på fransk, den 3. april 2021.