Merete Wiger

norsk skribent

Merete Wiger (fødd 3. januar 1921) er ein norsk forfattar, fødd Samuelsen. Ho er dotter av forfattar og programleiar i radio Ranka Knudsen Samuelsen.

Merete Wiger
Pseudonym Stella Danner
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. januar 1921
Trondheim
Død

24. desember 2015 (94 år)

Yrke skribent, barnebokforfattar
Mor Ranka Knudsen

Debuten hennar kom under pseudonymet Stella Dannar: Jeg var sinnssyk, Gyldendal (1955). På same forlag gav ho rapt ut (under eige namn) Så låste hun seg inn (1957), Judith og treskjæreren (1958). Etter nokre års pause kom romanane --grensen (1965), Et lite stykke bortover gaten (noveller, 1968), Romanen om Maria Sholovski (1970), Slik spiller mødrene våre liv (1974), Reisen til det Hellige Landet (1977), alle på Gyldendal. Novellene i Hjemme bra, men borte best (1980), dramaet De uovervinnelige (1982) og romanen Min amerikanske kusine (1984) kom derimot ut på Dreyer. To barnebøker vart så utgjevne på Eide forlag, nemleg Tåreklumpen (1989) og Jenten som ikke kunne seie nei (1991). Sidan har ho utgjeve dramaet Spillet om innvandrerneTrysil-forlaget (1998), Miss M: Tankar om dette og hitt (1995), og dessutan romanen Skudd fra klar himmelKulturforlaget Brak (1997).

Av utmerkingar kan nemnast 2. premie i 1956 for eit barnehøyrespel (Æ vil vêra dein æ e) der Liv Ullmann debuterte på radio. I 1970 fekk ho Gyldendals legat for norsk litteratur. Dramaet hennar Tilfellet Harriet Grinde vart oppført på Teaterhøgskulen scene (1986), med Juni Dahr i hovudrolla. Seinare har dette stykket vore oppført òg i utlandet. Ho har òg bidrege til lokale oppsettingar, spesielt for Grue Finnskog Ungdomslag sine teatergruppe, som årleg set opp stykket Spillet om InnvandrerneFinnskogdagene.

Høyrespel (NRK, Radioteatret)

endre

Kjelder

endre