Meretz-Yachad
Meretz-Yachad (hebraisk skrift מרצ-יחד, tyder 'Vitalitet - Saman'), før kjent som Meretz og så som Yachad, er eit venstreorientert sosialdemokratisk parti i Israel. Meretz-Yachad må ikkje forvekslast med Avoda, «Det israelske arbeidarpartiet».
Meretz-Yachad | |||
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Nitzan Horowitz | ||
Grunnlagt | 1992 | ||
Forgjengar | Mapam | ||
Hovudkvarter | Tel Aviv | ||
Ideologi | grøn ideologi, Sosialdemokrati | ||
Politisk posisjon | venstresida |
Yachad blei danna i desember 2003 ved samlinga av venstrepartia Meretz og Shahar.
Shahar blei danna av den tidlegare arbeidarpartimedlemmen Yossi Beilin i juni 2002 og hadde som mål å sameine dei i Israel som går inn for fred og sosial rettferd, og å skipe eit klart alternativ til den høgreorienterte regjeringa.
Meretz blei danna i 1992 ved ei samanslåing av tre venstreparti - Ratz, Shinui og det tradisjonsrike venstresosialistiske partiet Mapam.
Yachad hadde om lag 22 000 medlemmer i 2005, og Yossi Beilin vart leiar i partiet. Partiet vart same året omdøypt til Meretz-Yachad, fordi namnet Meretz var meir kjent i folket. Ved valet i 2006 droppa dei likevel Yachad, og stilte som berre Meretz att. Ved leiarvalet i mars 2008 vann Haim Oron avstemminga blant medlemmene. Den 22. desember 2008 gjekk Meretz saman med Hatnua HaHadasha («Den nye rørsla») i eit listesamarbeid framføre vala i 2009.
Meretz har òg avdelingar i mellom anna USA og Storbritannia.