Meteg

(Omdirigert frå Metagím)

Ein meteg (hebraisk מֶתֶג [meteğ]) er ein loddrett strek som står under konsonanten, rett til venstre for vokalteiknet, som trykkmarkør i hebraiske og arameiske ord. I masoretisk notasjon av Tanákh (den hebraiske Bibelen) har metegen to funksjonar: Som siste aksentteikn i kvart vers markerer han siste stavinga med hovudtrykk, og i andre samanhengar markerer han sterkt bitrykk i stavingar med lang vokal. I siddurím (jødiske bønebøker) blir metegen hovudsakleg bruka til å markere hovudtrykket i ord der dette ikkje fell på siste stavinga, og i sefardiske siddurím blir han òg bruka for å markere sterkt bitrykk i stavingar med lang vokal — på same vis som i Tanákh.

Det hebraiske ordet meteg. Ordet blir lese frå høgre mot venstre. Legg merke til metegen under første konsonanten.

Sjå òg endre