Meter under havet

Meter under havet (forkorta muh. eller m u.h.)[1] viser til plasseringa av eit punkt i høve til gjennomsnittleg havnivå. Forkortinga er noko brukt i tekst, men normalt ikkje på kart, ettersom desse oppgjev høgder i meter over havet for å vera konsekvente. På kart kan derfor talet for meter under havet visast som eit negativt tal meter over havet.

Innsjøen Elton i Russland har ei overflate som er 18 meter under havet.

Daudehavet ligg 408 meter under havet, noko ein anten kan gje att som 408 muh. eller som −408 moh.

KjelderEndra

  1. «muh» i Nynorskordboka.