Miðflokkurin
Miðflokkurin (Mf.) (norsk omsetjing: «Senterpartiet») er eit kristenkonservativt politisk parti på Færøyene. Partiet står for ei tradisjonell og bibeltru tolking av kristen etikk; dei er sterkt profilert på motstand mot sjølvbestemt abort og likekjønna ekteskap og arbeid for ein restriktiv rusmiddelpolitikk.[1][2][3] Namnet «Senterpartiet» er med andre ord berre ei omsetjing av det færøyske partinamnet, politisk ligg partiet til høgre for norske Kristeleg Folkeparti, både politisk og teologisk.
Miðflokkurin | |
![]() | |
Skipa | 1992 |
---|---|
Hovudkontor | Tórshavn |
Leiar | Jenis av Rana |
Miðflokkurin spring ut av vekkingskristne miljø og står sterkast på Norðoyar og Eysturoy. Partiet vart stifta i 1991 av utbrytarar frå Kristiligi Fólkaflokkurin, som for ein stor del gjekk inn i partiet.[4][5][6]
Miðflokkurin brukar bokstaven «H» på røystesetlane. Partiet har to medlemmar på Lagtinget og har vore med i både høgre- og venstreorienterte regjeringar. Jenis av Rana er formann i partiorganisasjonen og lagtinggruppa.
PartileiingEndra
Partiformenn
|
Gruppeformenn
|
ValhistorikkEndra
|
|
ReferansarEndra
- ↑ «Stevnuskrá. Hini 16 punktini» (færøysk). Miðflokkurin. Arkivert frå originalen 2016-03-04.
- ↑ «Valskrá Miðfloksins» (færøysk). Miðflokkurin. Arkivert frå originalen 2015-10-03. Henta 3. september 2019. Både
|archive-date=
og|arkivdato=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både|archive-url=
og|arkiv-url=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp) - ↑ Bertholdsen, Áki (22. september 2014). «Miðflokkurin setir treytaleyst krav» (færøysk). Arkivert frå originalen 25. september 2015. Henta 3. september 2019. Både
|archive-date=
og|arkivdato=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både|archive-url=
og|arkiv-url=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp) - ↑ «Søgan» (færøysk). Miðflokkurin. Arkivert frå originalen 2015-04-14. Henta 3. september 2019. Både
|archive-date=
og|arkivdato=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både|archive-url=
og|arkiv-url=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp) - ↑ «Mangt bendir á, at KrF skrædnar!». Dimmalætting: 18. 4. mai 1991.
- ↑ «Miðflokkurin nýggjur flokkur». Dimmalætting: 1. 12. desember 1991.
- Denne artikkelen bygger på «Miðflokkurin» frå Wikipedia på bokmål, den 3. september 2019.