Ein midtbanespelar er den posisjonen i fotball som ligg midt på banen. Oppgåva til midtbanespelarane er å vere lenkja mellom angriparane og forsvararane til laget, det vil sei å skape målsjansar for laget sitt, i tillegg til å hindre motstandarane i å skape målsjansar.

Midtbanen i forhold til andre posisjonar i fotball.

Midtbanespelarar[1][2] kan delast inn i sentrale, inkludert defensive og offensive midtbanespelarar, og vingar.

Sentral midtbanespelar endre

Sentrale midtbanespelarar, eller indreløparar, (på engelsk centre midfielder eller central midfielder)[3][4] har utgangspunkt sentralt i banen. Dei kan ha både offensive og defensive oppgåver. I moderne fotball handlar mykje av spelet om å vinne kampen sentralt på banen. Derfor spelar mange lange med tre sentrale midtbanespelarar.

Defensiv midtbanespelar endre

Den defensive midtbanespelaraen (engelsk defensive midfielder)[3][4] har i hovudsak som oppgåve å hindre motstandarane å skape målsjansar. Utgangsposisjonen er ofte djupt i banen, føre sine eigne midtstopparar. I den posisjonen kan dei både markere bort angriparane til motstandarane, men òg støyte framover mot dei sentrale midtbanespelarane til motstandarlaget.

Ein defensiv midtbanespelar kan òg ha ei viktig rolle i oppbygginga av spelet. Frå den djupe posisjonen sin på midtbanen kan den defensive midtbanespelaren ha bra overblikk over spelet og ein dyktig pasningsspelar kan frå den posisjonen kontrollere tempoet i kampen og sette i gang angrep med forløysande langballar. På italiensk vert denne rolla kalla regista, regissør, sidan spelaren har som oppgåve å styre og dirigere spelet til laget.

Offensiv midtbanespelar endre

Ein offensiv midtbanespelar (på engelsk offensive midfielder eller attacking midfielder)[3][4] har ei liknande rolle som hengande spiss. Rolla inneber ein utgangsposisjon som er føre dei andre sentrale midtbanespelarane og oppgåvene til spelaren føregår hovudsakleg på den offensive banehalvdelen. Gjennom kreativitet, fantasi og teknikk forventast spelaren å vere den som skapar målsjansar for laget sitt. På italiensk kallast ofte rolla for trequartista og indikerer at spelaren opererer i den tredje «kvarten», mellan den andra, midtbanen, og den fjerde, angrepet. Spelaren kan òg ha meir defensive oppgåver, til dømes forstyrre den speloppbyggande defensive midtbanespelaren hos motstandarlaget.

Ving endre

Ein ving eller kantspelar (på engelsk winger, wing-half eller outside midfielder)[3][4] er ein offensiv spelar med utgangspunkt på kanten. Ein ving kan, etter kor høgt opp i banen han starta, reknast som både angripar og midtbanespelar. Rolla til vingen var tradisjonelt å gjennom fart og teknikk ta seg forbi sidebackane til motstandarane for å så innlegg mot midten. I moderne fotball har mange lag valt å nytte seg av vingar som i staden går innover i banen for å kome på skothald. Denne posisjonen vert på engelsk kalla inverted winger.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Positionsguide» (på engelsk). www.bbc.co.uk. Henta 7. mai 2013. 
  2. «Mittfältare - fotboll». www.ne.se. Henta 7. mai 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Soccer Positions» (på engelsk). expertfootball.com. Henta 7. mai 2013. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Positions in football» (på engelsk). talkfootball.co.uk. Henta 7. mai 2013.