Mikkel Hansen

Mikkel Hansen (fødd 22. oktober 1987) er ein dansk handballspelar frå Helsingør. Han har sidan 2012 gjort teneste i franske Paris Saint-Germain Handball. Hansen vart europameister 2012, olympisk meister 2016 og verdsmeister 2019 så vel som 2021 med Danmarks landslag. Åra 2011, 2015 og 2018 vart han kåra til årets handballspelar i verda av det internasjonale handballforbundet IHF.

Mikkel Hansen

Mikkel Hansen-20160416-PSG-TOULOUSE.JPG

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 22. oktober 1987 (35 år)
Helsingør
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2016, Handball-VM 2019 for menn, Handball under Sommar-OL 2008 – Menn, Handball under Sommar-OL 2012 – Menn, Handball under Sommar-OL 2016 – Menn, Handball under Sommar-OL 2020 – Menn

Utmerkingar

Årets handballspelar frå IHF i 2011, 2015 og 2018[1]

Hansen er venstre rykkromspelar og hadde per 1.2.2021 delteke i 219 landskampar og skåra 1099 mål.

KjelderEndra

  1. NewsDetails, ihf.info