Militærdistrikt i Russland
Eit militærdistrikt i Russland er ei territoriell, militæradministrativ oppdeling for landstyrkar, marine og luftstyrkar i fredstid. Oppgåva er styrkeproduksjon, utvikling av taktikk og operasjonell dugleik i krig, i tillegg til utvikling av garnisonar og annan infrastruktur for dei ståande styrkane i fredstid. I krig, forhøgd beredskap og i krise blir det skipa ein fellesoperasjonell strategisk kommando (Objedinjonnije Strategitsjeskije Komandovanii — OSK).
Militærdistrikt som vart skipa i 2010:
- Vestre militærdistrikt med hovudkvarter i Sankt Petersburg
- Søre militærdistrikt med hovudkvarter i Rostov-na-Donu
- Sentrale militærdistrikt med hovudkvarter i Jekaterinburg
- Austre militærdistrikt med hovudkvarter i Khabarovsk
OSK Nord vart skipa i 2014 som eit framtidig eige militærdistrikt med utgangspunkt i Nordflåten.
Litteratur
endre- Военный энциклопедический словарь. — Moskva, Военное издательство, 1984, 863 sider. с иллюстрациями (ил.), 30 листов (ил.)
- Статистический ежегодник России. 1913. Издание ЦСК МВД. - СПб., 1914. — Отдел I. — С. 28.
- //Военный округ Энциклопедический словарь Брокгауза и Ефрона : в 86 т. (82 т. и 4 доп.). — СПб., 1890—1907.
- Советские Вооруженные Силы, Moskva, 1978, 516 sider.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Militærdistrikt (Russland)» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2017.