Militærkuppet i Thailand 2006
Militærkuppet i Thailand i 2006 fann stad 19. september då medlemmer av den thailandske hæren gjennomførte eit statskupp mot regjeringa som var leia av statsminister Thaksin Shinawatra. Statskuppet var det fyrste i Thailand på 15 år, men føyde seg inn i ei lang rekkje kupp i thailandsk historie.[1] Det etterfylgde ei langvarig politisk krise der Thaksin og dei politiske motstandarane hans var sentrale,[2] og fann stad mindre enn éin månad før parlamentsval skulle finne stad 15. oktober 2006.[3]
Referansar
endre- ↑ Laura Smith-Spark, «Coup leaders' addiction to power», BBC News, 22 September 2006. Henta 21. november 2012.
- ↑ «Q&A: Thailand's coup impact», BBC News, 20 September 2006. Henta 21. november 2012.
- ↑ «October 15 will be new election day», The Nation. Henta 21. november 2012.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Militærkuppet i Thailand 2006
- What next for Thaksin Shinawatra? (25 September 2006) ved BBC News